Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2017

Nydeleg natt i naturen på Storfjellet 794 moh, Batnfjorden

Bilde
Det er bestandig kjekt å sjå tilbake på fin turar. Denne turen var eg på omtrent på same tida i fjor. Det var ein litt overskya laurdag, men vermeldinga sa at det skulle bli fint ver utover dagen. Så eg hyva meg rundt, pakka sekken og gjekk opp på Storfjellet/Rødfjellet, frå Batnfjordssida. Eg har aldri gått opp på fjellet frå den sida, bestandig frå Storlandet/Søvika, så eg fekk sjå Batnfjorden frå ein ny vinkel også.

Solnedgang, måneskinn og soloppgang, eit nydeleg fargespel. Det er slik at bilete seier meir enn ord, det er ikkje nødvendig med fleire ord her!































Panoramajakta held fram; Brurefølgjet 1345, Tresfjorden

Bilde
Rundt Tresfjorden er det utruleg mange fine fjell, og eg har vore på flesteparten av dei. Brudefølgjet har stått igjen ei lita stund, og tidlegare i haust vart det tur dit. Turen startar frå innerst i Tresfjorden, kjør til Øvstedalen og fortsett vidare på bomveg til parkeringsplass. Bratt men fin sti opp til Kleiva. Kart over turen ligg nederst. 




Frå Kleiva gjekk eg langs merka sti opp til skardet under Litleskorkja.

Sjølv om eg har vore der før så bestemte eg meg for å svinge oppom Litleskorkja når eg var i strøket. Nydeleg utsikt frå toppen, så tok ein liten matpause der. Meir om turen til Litjeskorkja og Rollsbottskorkja finn du her.

Etter matpausen sette eg kursen ned i skardet mellom Litjeskorkja og Rollsbottskorkja, før eg gjekk ned under Rollsbottskorkja og i retning Dalsbotnen. Så sikta eg meg inn mot ryggen opp mot Brudefølgjet. Det er rett og slett ein lang motbakke! Tidvis spor av sti, andre plassar ikkje. Rett og slett bratt motbakke, så pusten fekk kjørt seg.



På veg opp …

Panoramajakta held fram: Vestre Småholtind 1470 moh

Bilde
Dagen etter Nuglefestivalen hadde eg bestemt meg for å få kloa i Vestre Småholtind. Tidlegare i sommar var eg på nabotoppen. Den dagen var eg i dårleg dagsform, det var surt ver og eg bestemte meg for å droppe å svinge bortom. Angra meg den dagen, men fekk garantert ein finare tur denne dagen! Sist gong fann eg ikkje sti opp til Meiadalskoppen, og brukte utruleg lang tid. Denne gongen hadde eg funne ut at det var ein sti og kor den starta. I forhold til sist gong gjekk det unna i ein fei!
Oppe i Meiadalskoppen var det rett og slett nydeleg. Det er i slike augneblink ein sett utruleg pris på at eg har moglegheit til å kome meg på slike turar


Etter ein lengre fotoseanse ved vasskanten, gjekk eg på høgresida av vatnet og inn i dalbotnen. Derifrå sette eg kurs mot ein liten topp som er avmerka på kartet, 1290 moh. Det finns fine gras/lyngbakkar oppover, og plutseleg var eg oppe ved vatnet som ligg rett bak den litje toppen.  Etter  ei lita matpause bar det vidare i retning av toppen. Eg …