Panoramajakta held fram; Litje Vikesoksa 1765, Nesset/Sunndal

Hevnen er søt!

I fjor skulle Benthe og eg prøve oss på Vikesoksa, og hadde same plan som eg hadde for denne turen. Då viste det seg at yr lova litt for mykje, og vi endte med å sette snuten heim igjen etter ei overnatting på Jønnstadsetra. Det viste seg at det var akkurat på same dato i 2016 vi prøvde turen, så greit å få tatt hevn innan året var omme!

Starten for turen er på Brandstad øverst i Øksendalen. Herifrå er det ca 4 km fin grusveg inn til Jønnstadsetrene. Fin sykkeltur, og supert å kunne trille tilbake til bilen på heimeveg. Sykla inn til setrene og sette igjen sykkelen bak ei bu. I følge boka "Toppturar i Sunndal" skal det gå sti oppover på høgre side av elva. Denne er ikkje skilta frå setra (så vidt eg kunne sjå) og eg fann ikkje heilt starten på den. Det endte med at eg meir eller mindre gjekk rett opp og klura skikkeleg. Men, litt flaks skal ein ha. Skyane vart stadig mørkare og eg rekna med at det var snakk om minutt før eg vart innhenta av regnet eg såg gjekk mellom Ryssdalsnebba og Litj-skjortå. Heldigvis hadde eg kome til ein overhengane berghammar, så det var berre å stille seg under og håpe at regnet gjekk kjapt forbi. Etter 20 min innsåg eg at eg måtte stå lenge om eg skulle vente til det slutta, så det var berre å få på regnklede og labbe vidare. Og då kom eg inn på stien!

Det er mange høgdemeter på kort distanse, så det vart mykje pust og pes. Utruleg herleg å kome opp kor det flata ut og kunne få gå litt "normalt"! Hadde bestemt meg for å overnatte ved det første vatnet eg kom til. Det slutta heldigvis og regne etter ei lita stund, og med litt vind fekk eg nesten tørka regnkleda før leggetid.

Har kjøpt nytt telt eg skulle teste ut, og det gjekk svært kjapt og få opp. Klokka var over 21 før eg kom fram, men som på alle fasjonable hotell så vart middagen servert litt seint. Det var utruleg godt å legge seg rett ut, sjå på Vikesoksa gjennom teltopninga og håpe at yr ville slå til.

Den høgaste toppen midt i biletet var målet for turen
Det står ei lita hytte ved vatnet
Vakna om natta av at det regna og tenkte at det ikkje skulle bli ver til å kome seg til topps denne gongen også, men når eg om morgonen opna teltet og kika ut, så spratt eg fort opp. Dette ville bli dagen for å ta hevn over Litje Vikesoksa! Etter frokost og nokre kaffekoppar pakka eg sekken og la avgarde.

Utsikta frå teltet
Morgenpromenad!
 Ikkje lenge etter at eg starta kom sola fram og det vart godt og varmt oppover lia.

Breitelnebba til venstre og Vikesoksa til høgre
Tilbakeblikk mot teltplassen, teltet står rett ved utløpet til venstre for elva.
Eg kryssa meg oppover mot topp 1502 og skrådde etterkvart i retning av skaret mellom denne toppen og Vikesoksa. 


Oppe i skaret vart plutseleg utsikta ei heilt anna, det eine store fjellet etter det andre dukka opp.
Så var det berre å starte på ura oppover, 400 hm på ganske kort distanse. Det er supert med ur oppover, ingen krefter som forsvinn ned i myra, men nedover er det alt anna enn gøy. Heldigvis vart det nokre snøfelt som eg kunne suse nedover på ein del høgdemeter.


I det eg kom meg over kanten og det flata ut, tenkte eg at no var det ikkje langt igjen, såg jo toppen der borte (bildet under). Men så vart eg litt usikker, kom til ei kløft, og det skal det jo vere mellom Litje Vikesoksa og sjølve Vikesoksa. Fram med mobilen og kartet, hadde jaggu meg gått forbi toppen!! Vurderte å gå vidare til den store, men droppa det, er jo ikkje panoramatopp!!

Var veldig sur vind på toppen, måtte på med dun, hue og votta, og kreka meg sammen bak ein stein for å glefse innpå eit par brødskiver så eg hadde topp konsentrasjon ned ura. Etter litt knipsing var det berre å sette snuten ned igjen.

Sjølve Vikesoksa rett bak
Eikesdalsvatnet langt der nede
Gjuratinden rett fram


På retur gjekk eg ned i skaret mellom toppane, kryssa meg nedover og heldte i retning av vestsida av vatnet kor eg campa. Her nede var varmen tilbake sjølv om vinden var sterk, så det var tilbake til korterma og oppbretta bukse igjen!





Det var enda tidleg på dag når eg kom tilbake til teltet, så eg tok meg ein liten siesta før eg pakka samen og gjekk ned igjen. 



Etter å ha bremsa 600 høgdemeter, 400 av dei ganske så rett ned, så var det fantastisk å kome ned til Jønnstadsetrene og gå flatt! Så var det berre å sette seg på sykkelen og trille ned til bilen!


Ein fin tur, og den ultimate hevnen, tok Litje Vikesoksa på same datoen som eg måtte snu på i fjor!
Panoramatopp nr 197 i boks!

Under er kart over turen.

Kommentarer