Magisk helg ved Hjørundfjorden, Kolåstinden og Randers Topp!

Betre seint enn aldri? Det er faktisk nesten eit år sidan denne turen, så kanskje på tide å skrive eit innlegg om denne fine helga ved Hjørundfjorden saman med Benthe.

Vi køyrde frå Molde som småpessimistar, det var regn i lufta og lågt skydekke, men yr meldte bra ver for helga, så vi tok sjansen. Målet for helga var Kolåstinden på laurdag og Randers Topp på søndag.

Planen var å overnatte i telt ein eller anna plass mellom Festøya og Store-Standal. Terrenget langs Hjørundfjorden er for det meste bratt, så det var ikkje så enkelt å finne ein flat og fin teltplass. Men tilslutt fann vi helgas opphaldsstad. Flatt, god utsikt og ly under store grantre. Det vart ein fin kveld under grantrea med bål, pølser og rødvin.

Fin utsikt mot Synnavindsnipa og Tungremtindane




Etter ei god natts søvn, frokost og kaffe sette vi kursen mot Standalseidet og dagens mål Kolåstinden, 1432 moh. Skydekket vart tynnare og tynnare og vi starta med mykje solkrem. Kolåstinden blir oftast besøkt på ski på ettervinteren og våren, og er eit svært populært turmål på Sunnmøre.

Turen starta opp lia frå parkeringsplassen på Standalseidet og inn i Kvanndalen, opp mot Kvanndalsskardet.

Sætretindane
Kvanndalen

Kvanndalsskardet
I Kvanndalsskardet tok vi opp i retning av nokre "kule" fjellformasjonar, som vi skulle gjennom (biletet under). Dette punktet blir kalla Stretet, og ligg til venstre for midten i biletet under.  




Skispora fører inn gjennom Stretet

I det vi kom gjennom Stretet var det lett skydekke som var på veg til å lette, men så langt såg vi ikkje dagens mål. Det var ei trolsk stemning!



Endeleg letta skydekket og vi kunne sjå dagens mål. 





På turen mot toppen gjekk vi forbi nokre artige fjellformasjonar, farga mot den kvite snøen fekk dei til å sjå meir spektakulære ut.




Frå denne vinkelen ser det jo nesten ut som det er 90 grader opp til toppen og at det skal vere vanskeleg og kome seg opp dit. Men, som regel ser det bestandig brattare ut på avstand enn kva det verkeleg er. Der stripa med folk stoppar mot horisonten, sette vi frå oss skia og var klar for siste etappe. 



Fin utsikt tilbake mot Sætretindane og Stretet, nede til venstre, kor vi kom gjennom.
Så var vi nesten oppe. Siste stigninga opp var ganske så bratt, og eg er glad vi hadde med stegjern. Det var eit par parti kor det var isete og bratt.



Endeleg var vi oppe på toppen. Kjipt at det skya over akkurat i det vi skulle til topps, men slik kan det gå. Kunne iallefall ikkje klage på utsikta.





Etter drøye 1000 høgdemeter og ei lita mi, så kunne vi krysse ut toppen. I og med at det skya over, vart det plutseleg ganske flatt lys og føret var heller ikkje det beste. Så konklusjonen var, oppturen var oppturen på denne turen!

Vel heime ved telta igjen var det på tide med afterski, middag og bålbrenning utover kvelden. Fin solnedgang fekk vi også på kjøpet.

Tungremtindane
Snart er kaffen klar!

Reirbygginga var igang, det var aktivitet gjennom heile natta
Slogen til høgre i biletet




Ser du ansiktet i fjellet på biletet over? Nokon passa på oss!

Nydeleg kveld
Ny dag,  nye moglegheiter! Vakna til kald, men nydeleg morgon kor sola skein frå skyfri himmel. Og, for ein dag det vart! Etter ein betre frokost og nokre kaffekoppar, pakka vi sekken og køyrde bort til starten for dagens tur - Randers topp. Dette er ein topp i moldepanoramaet og den neste høgaste toppen i Molladalen, berre Jønshornet/Ramoen er høgare.

Turen startar praktisk talt i fjøresteinane, og det er null anmarsj. Høgdemetra startar frå første meter! Det var ikkje snø under skoggrensa, så det var ski på sekken og joggesko på. Tidvis var det ganske så tett skog, så skia hang fast i trea og det vart litt knot oppe ved skoggrensa der det også var råtten snø.


Endeleg kunne vi ha på skia og sette kursen oppover Inste Årsnesdalen. Den store utsikta på turen var bak oss, så vi måtte snu oss av og til og nye utsikta mot Hjørundfjorden og Tungremtindane med fleire.



Sola steikte og vi kunne nyte lunsj med oppbretta ermer og buksebein! Ein skal leite lenge for å finne finare utsikt, og vi kunne vnyte appelsin, tjukklefse og kaffe før vi gjekk vidare.





Jo høgare opp vi kom, jo flottare vart utsikta. Det er noko med fjell og fjord i kombinasjon altså!


Pinakkelen "Bladet" midt i biletet
Det gjekk jamt oppover, og plutseleg var vi klar for siste motbakken opp mot Randers. Eg har både lest om og sett bilete av "Bladet" mange gonger, men no fekk eg endeleg sjå det.


Mohns topp til venstre, dit blir det tur til sommaren.
Bladet
Frå tind til tare!

Før vi starta på siste bakken, fekk vi også sjå gårsdagens turmål -Kolåstinden.


Oppe på toppen var det ei heilt fantastisk utsikt - i 360 grader! Eg tok alt for mange bilete, av alle fjella og fjordane frå alle tenkelege vinklar og med ulik zoom, tenkte at dette MÅ eg få på minnekortet, ikkje sikkert ein slik dag kjem tilbake igjen. Iallefall ikkje med det første. Vi tok oss god tid på toppen og i vindstilla kunne vi nyte utsikta og fylle på lagra til nedturen.




 Både Benthe og eg var hoppande glade på toppen!



Vi var absolutt ikkje åleine på tur, det var folk overalt. Flesteparten tok same veg ned som opp, men der var det oppkjørt, og alt frå råtten snø til ei lita hinne oppå. 


Men, vi fann ei rute der nesten ingen andre hadde kjørt, og vi fekk pudder heile vegen ned til skoggrensa!



Ved skoggrensa var det vart det plutseleg blankis! Sola hadde tint opp snøen heile dagen, men så fort sola var borte fraus det fort på. Lårmusklane var allereie brukt opp, så det vart ikkje betre av å kjøre på klinkis!! Vel nede ved skoggrensa fann vi igjen treet kor vi hadde hengt opp skoa våre, og kunne sette skia på sekken igjen og gå ned til bilen. Vi glisa oss heile vegen ned til bilen, og var lettare rusa på livet.

FOR ein dag, og for ei helg! Turen til Randers er ein av dei argaste skiturane eg har vore på. Perfekt ver, supert turfølge, ei utsikt som kan ta pusten frå ein og supert skiføre. Det er ikkje siste gongen eg har vore på Randers.

Så gjenstod berre å ta turen tilbake til teltplassen og pakke saman helgas camp. Vi hadde mykje heller lyst til ei ny natt i campen og ein ny tur dagen etterpå, men helga var over og vi måtte heim til kvardagen igjen.

Takk for turen Benthe, håpar på fleire slike!
Og, det vart ein ny panoramatopp. 

Kommentarer