Innlegg

Viser innlegg fra november, 2016

Nuglefestivalen 2016

Bilde
Det var store planer om bestigningar på Sunnmøre på årets Nuglefestival, men pga både dårlege vermeldingar og dårleg ver laurdag, så vart det endring i planene. I nydeleg ver tok vi turen til Midsund og Rørsethornet og Ræstadhornet. Ein kjempedag vart det! Takk for turen damer, neste år MÅ det bli finver på Sunnmøre!! Meir om turen finn du på www.morotur.no

Panoramajakta held fram; Kleneggen 1964 moh, Nesset

Bilde
I august var det omtrent "panoramatopp-tørke", så stor var lykka då eg endeleg hadde moglegheit til å prøve meg på ein ny topp. Vermeldinga lova finver, men i Molde låg skydekket lågt og tett. Men eg stola på frøken yr som sa at det skulle lette på føremiddagen og at det skulle vere lettare i indre nn i ytre strok. Og, det stemte jaggu meg! Kleneggen stod for tur, og Aursjøvegen sørga for at talet på høgdemeter omtrent vart halvert. Men, det er ein dryg tur, høgdemetra er "lange". Eg køyrde så langt inn i Gravdalen som det var mogleg og la i veg langs tydeleg sti. Etter eit stykke kjem ein til eit stikryss som ikkje var så enkelt å sjå, men eg oppdaga kursfeilen ganske så kjapt. Så var det å runde rundt til det som på kartet er merka Hundan. Derifrå gjekk det slakt over store slegder fram til det endeleg begynte å stige litt, slik at høgdemetra gjekk unna. Etter kvart som eg kom høgare opp, vart utsikta berre finare og finare, og majestetar både på Nordmøre og

Panoramajakta held fram; to bomturar på grensa mellom Valldalen og Innfjorden

Bilde
Etter ein bomtur i området før for to år sidan, var eg fast bestemt på å komme meg opp på Småholtindan 1591 moh i løpet av sommaren. Så, ein finversdag i juli tok eg turen til Slettvikane og gav meg i veg. Planen var og gå opp til Ringshornet nordvest, og så følgje rygg ned derifrå i retning av Småholtindan og runde rundt på vestsida og opp på toppen. Eg hadde berre  vore i området på ski  før, så var usikker på kor bratt det var ulike stader. Oppe på Ringshornet nordvest vart eg veldig usikker på vidare ruteval, det såg ganske så bratt ut i alle retningar. Så, eg bestemte meg for ikkje å gå vidare og heller prøve fjellet frå Innfjords-sida. På veg tilbake gjekk eg oppom Ringshornet, som eg aldri før har besøkt. Store Vengetind lengst bak til venstre, så Stigbotthornet, Breitind, Mannen og Kalskråtind Småholtinden 1591 moh til venstre, Skjervan midt i bildet langt bak Småhola bak Ringshornet Utsikt mot Skardfjellenden og Skarfjellet Småholtinden 159