Panoramajakta held fram; Vestre Litjeskjorta 1480 moh, Eresfjord/Øksendalen

Årets ferie starta eg med å jakte på Vestre Litjeskjorta mellom Øksendalen og Eresfjorden. Starta turen frå Brandstad øvst i Øksendalen og følgde T-merka sti opp til Brandstadsskaret, kor eg slo opp telt og åt middag.


Legg til bildetekst

Brandstadskaret
Fløtatinden og Trondskjortetinde
Kan ikkje klage på teltplassen!

Etter middag med dessert var det godt med ein liten cowboy-strekk
Plana var å prøve meg på Vestre Litjeskjorta etter ein liten middagskvil i sola. Har tidlegare vore på Litjskjorta på ski, og bestemte meg for å gå opp dit og følge rygg/egg over til neste topp. La i veg oppover, og ikkje lenge etter stod eg på toppen. Etter litt dokumentering sette eg kursen mot Vestre Litjskjorta. Følgde rygg nedover, aldri smal, men kom til eit punkt kor eg ikkje såg utgangen og kor det var litt lite med tak. Med alderen kjem alle konsekvensutgreiingane, så eg vurderte det til at det var best å snu. Det var kanskje like greit, for borti Trollveggen såg eg regnet kome. Med full fart tilbake same veg som eg kom, rakk eg akkurat å få med meg litt regn før eg hoppa inn i teltet. Der låg eg og var sur fordi eg ikkje fikk krafsa tak i den toppen, men bestemte meg for å gjere nytt forsøk dagen etter via ei anna rute.


Ljøsåbotn, Helvetestind og Styggeværshaugen midt i mot
Vestre Litjskjorta til venstre
Breitelnebba, Vikesoksa, Fløtatinden og Trondskjortetinden
Frå venstre Ryssdalsnebba, Staveskoren/Storgladnebba, Litjgladnebba, Glennfjellet og Frusalhalsen
Loddrett eller vannrett - ett fett!
Utsikt frå toppen av Litjskjorta mot Søndre Skjorta og Skjorta
Vestre Litjskjorta - so close...


Mot Åbittind og Trolltind
Var godt å slenge seg i soveposen etter turen, berre å lade opp til morgondagen. Ingvild har gitt meg slik fin kunst som er med på tur!
Dagen etter var frokost og kaffe med fin utsikt, før eg la avgarde. Denne dagen satsa eg på å gå på skrå under Litjskjorta og sikte meg inn på skaret mellom dei to toppane. Terrenget var først bratte grasbakkar, gikk på alle 4 oppover og hjertepumpa fekk verkeleg brukt seg. Då det var slutt på gras, var det urd og lausgrus opp til skaret. Det er ikkje mykje som er så kjedeleg å gå på som grus som sklir unna føtn...snakker om å kaste bort krefter.



Vel oppe i skaret var det berre å paradere opp til Vestre Litjskjorta langs ein artig egg, aldri smal. YES! Nailed it!

Då var det berre å nyte matpakke og kaffe ei god stund, før eg sette kursen over Litjskjorta, omgikk vanskeleg parti, og ned til teltet. Orka ikkje tanken på å skli sidevegs nedover grusen heile vegen tilbake, sjølv om kanskje skoa hadde fått jamn slitasje på turen....



Fornøgd med å bikke 170 toppar!


Frå Litjskjorta

Tilbake ved teltet var det å pakke saman og gå ned til bilen. Årets første fjelltur med tung oppakning kjenntes i bremsemusklane og det var utruleg godt å få gått flatt nede på Brandstad.

Ein kjempetur, og panoramatopp nr. 170 i boks!
Kart under.


Kommentarer