Panoramajakta held fram; Staveskoren / Storgladnebba 1505 moh, Eresfjord / Øksendal

Staveskoren eller Storgladnebba mellom Øksendalen og Eresfjorden har eg prøvd på før, men måtte snu pga store snøskavlar og hardt føre. Men plutseleg var det meldt ein dag med fint ver, og eg hyva meg rundt og køyrde inn til Kanndalssetra i Eresfjord. Der slo eg opp hotellet for natta og gjorde meg klar til ein særs tidleg start, då eg måtte vere heime før 15.

Så med godt mot la eg avgarde i 6-tida - i shorts! Eg følgde godt merka sti frå setra opp til Nordmørs/Romsdalsskaret, kor eg tok av oppover mot Gråfjellet og Ryssdalsnebba. Ein liten matpause på turen før eg gassa på vidare, syntest klokka gikk litt for fort...

Vel oppe på Ryssdalsnebba vurderte eg avstand og terreng og lurte på om eg kunne rekke tur-retur. Tenkte at no er eg så nære, ikkje svarte om eg skal snu nok ein gong. Det er berre å gå all in og starte blodgymmen. Gikk så fort det var mogleg i urda ned til lågaste punkt mellom Ryssdalsnebba og Staveskoren/Storgladnebba. Slengte frå meg ryggsekken og tok med fotoapparatet og gassa på. Med pulsen dundrande i øyrene kom eg opp på toppen og jubla litt over endeleg å få tatt denne toppen. Heilt fantastisk utsikt, både mot Nordmøre og mot Romsdal. Etter kjapp dokumentering, var det berre å sette full fart tilbake igjen. Heldigvis låg det framleis litt snø som eg kunne springe på nedover, utruleg kor mykje raskare og meir energisparande dette er. Slang på sekken igjen, og åt i fart. Sette full fart tilbake under Ryssdalsnebba og ned til bilen igjen. Kom ned med GOD klaring og var svært fornøgd med dagen! Kart nederst.

Panoramatopp nr 169 i boks!

Kanndalssetra
Mål for turen ligg rett bak topp midt i biletet, Ryssdalsnebba mot venstre
Den hotellplassen med minst sauskit på heile setra...Skjorta bak.
Herre va gammel ja! Skjorta bak
Mål for dagen i sikte, spiss til venstre i den perfekte U!

Utsikt mot Trondskjortetind, Litjeskjorta og Søndre Skjorta
Trolltind og Åbbittind til venstre, Gråfjellet i midta og Ryssdalen til høgre.
Tre, nesten fire, skjorter - Litjeskjorta, Likjeskjorta vest (delvis i skjul) Søndre Skjorta og sjølve Skjorta.
Frå Ryssdalsnebba mot dagens mål, topp nr. to langs ryggen
Tollveggen til høgre i det fjerne

Utsikt frå Staveskoren/Storgladnebba i retning Litjgladnebba og Glennfjellet
Tre skjorter!
Tilbake mot Ryssdalsnebba
Utsikt mot Øksendalen og flotte Nordmørs-fjell
One down, more to go...


Kommentarer