Panoramajakta held fram; Litje Breitinden 1720 moh, Trollstigen/Romsdalen

Eg stakk frå jobb etter lunsj og hadde bestemt meg for å kome meg på Litje Breitind. Eg har prøvd før, men det har enten vore for mykje snø eller klink-is. Toppen er ganske så bratt på begge sider, så greit med trygge forhold. La av garde i shorts og joggesko, skiføre var det lite av sjølv om eg måtte krysse nokre snøparti. Like artig kvar gong ein går gjennom og skrapar opp lår og leggar på stein...

Vel oppe på toppartiet på Breitind var det berre å spasere bort på toppen, kor eg kunne nyte matpakka og utsikta. Hadde IKKJE lyst til å starte på heimturen, skulle ha overnatta der oppe, men skulle jo på jobb dagen etter, så var berre å sette snuten heim. Eg svinga oppom Breitind før eg småjogga ned igjen.

Endeleg ein ny panoramatopp - nr 168!

Dagens mål til høgre i bilete
Trollveggen i all sin prakt

Delar av Finnan, Titlndan, Bispen, Kongen og Dronninga. I det fjerne Skjervan. 
Nærmar meg toppen!
Bakerst Skardfjellet, så Skardfjellet Nord og til slutt ryggen frå Stigbotthornet til Breitind
Issoleie må vere noko av det vakraste ein kan finne i høgfjellet.
På det tredje skal det skje! 
Kan ikkje få mykje betre utsikt til kveldsmaten!
Litje Breitinden til venstre og sjølve Breitinden til høgre

Langt i det gjerne ligg Pyttegga, den høgste fjelltoppen i Møre og Romsdal

På Breitind
Oh ah Romsdala! 
Kyrkjetaket, Romsdalshorn, Kjøvskardtind, Vengetindane og Kvanndalstind (frå venstre)

For ei utsikt!



Kommentarer