Skåla 1128 moh, Molde


Etterjobb-tur til Skåla tidleg i april. Starta med pill råtten snø, og gikk over til isskare og fokksnø. I tilegg veldig sur vind på toppen, så det vart ikkje akkurat tur med kaffe og sjokolade. Vurderte ei stund å snu i området med isskaren, hadde hverken skarejern eller stegjern, men fann ut at det var farlegare å prøve å snu enn å fortsette. Hadde eg mista festet der så hadde eg fått høg hastighet!!
I øverste partiet var det fokksnø og skavlar, men opp skulle eg. Ned igjen var det berre å skvise låra for det dei var verdt. Det verste var jo avslutninga, med påfrose slusjføre.... Men, utsikta er det jo ikkje noko å seie på!








Kommentarer