Kjøsen 1135 moh, Måndalen, Rauma

Når du vaknar av at sola skin inn soveromsvinduet, er det berre ein ting å gjere. Hopp opp, få på kaffen og pakk sekken, så første moglege ferge over fjorden. Vidare er det å bestemme seg for turmål på ferga. Idag landa eg på Kjøsen i Måndalen. Har aldri vore der før, og med tanke på alle snøskreda som har vore i det siste tok eg eit sikkert fjell.

Måtte ikkje gå langt før eg kunne ta på skia, og så var det berre å tasse seg oppover i solsteika. Oppe på fortoppen på 936 moh var det så sterk vind at det var på tide å ta på jakke og hanska. Så var det berre å følge ryggen opp til topps. Det var ikkje noko mindre vind der, så det var berre å knipse nokre bilete, av med feller og på med hjelm. 

Forventa IKKJE supert føre ned igjen. Det var ganske klart på tur opp at det vart snakk om blaut tung snø, sola gjorde jaggu meg jobben sin. Så det var to sure lår som fann seg ein rasteplass vel nede i skogen og ute av vinden. Etter påfyll av tørt og vått var det berre å ta siste etappen ned til bilen langs skogsbilvegen. 

Meir om turen finn du på morotur.no  
Nydeleg utsikt og fint fjell!



Måsvasstinden og Litjevasstinden
Trollvasstinden
Frå venstre: Nonstinden, Måsvasstinden, Litjevasstinden og Trollvasstinden
Måndalen. Tarløysa, Smørbotn og Såta er nokon av toppane i horisonten

Ryggen til topps
Flott utsikt frå toppen!
Middagstinden og Nonstinden
Frå venstre: Månvasstinden, Storbua, Kvassetind, Sandfjellet og Geitemjølkstind
Vårskitur de luxe!
Aldeles nydeleg nede ved fjorden for tida. Store fargekontrastar!






Kommentarer