Ystetinden 1162 moh

I dag gjekk turen til Ystetind saman med Lene og Hege. Det var skia på sekken opp til ca 400 moh før vi kunne henge joggeskoa i eit tre og gå vidare på "skiføre". Det første partiet var det meir lyng enn snø, men godt føre!! Vi var ikkje åleine på fjellet idag, og kjentfolk traff vi også på. På toppen var det rett så sur vind, men mat og kaffe vart det likevel.

Det er vel ikkje føret ein hugsar frå denne turen, men vi kom oss heilskinna ned alle tre og kjaur på ski til det berre var lyng igjen! Så var det berre å få på joggeskoa og få opp farta - vi hadde ein fotballkamp og rekke!

Alle var vi einige i at det hadde vore ein suuuper tur!

Tusen takk for turen Hege og Lene! 





Supert vårskiturføre!
Hege og Lene i godt driv

Toppen i det fjerne



Rett før toppen. Kjempeutsikt i retning Ålesund



På toppen!

Klar for nedfarten.


Da var det slutt på skiføret.



Kommentarer