Kvitfjellet 1381 moh, Vistdalsheia

Kvitfjellet er eit fjell med stor utsikt! Du startar turen frå høgaste punktet på Vistdalsheia, 500 moh, på sørsida av vegen.  Så er det å runde under og opp på Uglehaugen. Derifrå er det berre å følge ryggen til topps. Litt haug på haug fjell, men ei fantastisk utsikt heile vegen. Turen ned kan ein ta same veg som opp, eller rett ned i Horndalen. Meir info finn du på morotur.no

Vistdalen
Skjorta, Søndre skjorta, Litjskjortene og Gogsøyra

Toppen midt i biletet
Sjøvdøla og Nyheitind
Highway to heaven

Vengetindan og Trollveggen
Utsikt frå toppen mot Juratind
Eikesdalsvatnet
Traff på kjentfolk også!



Kommentarer