Innlegg

Viser innlegg fra desember, 2015

Panoramajakta held fram; Hesten 1643 moh og Hesten 1650 moh, Rauma/Norddal

Bilde
For ein drøy månad sidan var eg på jakt etter to hestar! "Hestenmassivet"  består av tre toppar, den eine har eg tidlegare teke frå Innfjorden. For å sleppe å gå over denne igjen, bestemte eg meg for å ta dei to andre frå Nedstestølen, sjå kart nederst. Eg starta såpass langt ut på dagen, at eg skulle overnatte på turen. Nedstestølen Ein nydeleg haustdag Berilldalen var flott i nydelege haustfarger. Dalen er ganske slak og ein tek ganske få høgdemeter før ein nærmar seg slutten av dalen og startar oppstigninga mot Kula, 1127 moh.  Hesten 1634 i det fjerne Oppstigninga til Kula på ca. 400 høgdemeter er tung med sekk for overnatting på ryggen, men når ein får sjå morgondagens mål, så er det berre å sette den eine foten framom den andre og komme seg oppover.  Hesten 1634 moh i sikte Oppe ved Kula var det ikkje berre enkelt å finne ein teltplass, som både var flat og ikkje fullpakka av stein! Men etter sikkert 45 minutt leiting, så fann eg den einas