Panoramajakta held fram; Rognnebba 1497 moh, Surnadal

Har du lyst på ein LANG tur?  Ta turen til Rognnebba i Surnadal!

Ein kan ikkje få alt som ein vil i denne panoramajakta. Ideelt sett skulle det vore kort anmarsj til alle fjell, men slik er jo ikkje geografien.

Målet for forrige helg var Rognnebba i Surnadal. Eg køyrde til Vindøldalen, som er knappe to mil nord for Surnadal sentrum. Bomvegen er ei drøy mil, men i god stand. Det er parkeringsplass ved bom, men vegen held fram i drøye 8 km til!!

Så, etter å ha pakka sekken sette eg meg på sykkelen vidare innover dalen. Første 6,5 km er på fin grusveg, før standarden etterkvart blir dårlegare og dårlegare og ender opp i ein veldig bratt veg uegna for sykling, iallefall oppover. Vegen ender rett under utløpet frå Vassdalsvatnet. Eg skulle ikkje dit, så etter ca 8 km la eg frå meg sykkelen bak ein stein og fortsette til fots.

Vindøldalen sett frå inngangen til Fagerlidalen
Mykje stor furu i området!
Hadde googla som ein helt på førehand, men det var ikkje mykje vettugt å finne om stiar innover Fagerlidalen. Eg kryssa elva frå Vassdalsvatnet ved ein pumpestasjon og fann eit svak dyretråkk. Mista det omtrent så kjapt eg fann det, så bestemte meg for å halde høgda og runde rundt og inn i dalen. Mykje myrterreng blanda med litt kratt. Dyretråkket dukka opp igjen med jamne mellomrom, og etter ein lang og sugande tur, i godt selskap med 742 mygg, hadde eg kome meg opp til elva som renn ut av det første av vatna i Fagerlidalen.

Hotell Mygg...
Det var svart av mygg, så vart ganske så desperat på å få opp teltet kjapt og få kledd på og dekt alle kroppsflater. Eit kjapt bad i elva og på med full mundur og myggmiddel og eg tenkte eg var trygg. Men nei da. Myggen var ein ivrig gjest, og etter at eg hadde fått i meg middag, med hetta snurpa igjen framom fjeset, var det ikkje mogleg å ligge ute i lyngen og slappe av, så måtte berre krype inn i teltet. Det vart ein nydeleg kveld, kor fjella bada i rosa lys og eg hadde stor tru på at morgondagen vart ein skikkeleg sommardag!

Rognnebba midt i biletet.
Salen i kveldssol

Vermeldinga heldt stikk og eg kunne ete frukost i solskinn, og mygg... Utruleg kor godt ein kaffekopp smakar ute på tur. Medan eg satt der så fekk eg sjå ein reinsflokk som sprang på snøflekkane oppunder Rognnebba. Det var relativt bratt der så eg fattar ikkje at dei kunne halde den farta der, men det var eit artig syn. Det skulle vise seg at eg oppnådde kontakt seinare.... Men eg var jo ikkje på kaffeslabberas, så det var berre å pakke sekken og kome seg avgarde. La avgarde i shorts og t-skjorte og kryssa elva med "grasiøse" bevegelsar frå stein til stein. Det var endeleg bortimot mygfritt og ingen fluer!!! Jippi!

Målet i det fjerne
Humla jobba for fullt heilt til topps!
Første del av turen var skog og urd, men kom ut i dalen som tok meg opp til starten på ryggen mot topp 1246 og Rognnebba. Fint og lettgått terreng med tørr lyng og stein.

Kvil i sola må ein ha.
Det var ingen problem på turen opp til 1246, bortsett frå eit par bratte hammarar som ein held til venstre for. Oppe på toppen såg eg endeleg Rognnebba.




Eg måtte ned igjen 150 høgdemeter før eg kunne starte på siste motbakke, som startar ganske bratt. Men, det ligg framleis ein del snø i fjellet, så eg sette kursen opp ein snøbakke. Pusta og pesa opp den bratte bakken og akkurat i det eg kom over kanten kom ein diger reinsbukk springande rett mot meg i stor fart. Den snudde ikkje før det var igjen knappe 10 meter. Kven som skvatt mest av meg og reinsbukken er uvisst!


 

Og det vart ikkje med den oppvisninga. Bukken lunta bortover fjellsida og medan eg stod der og fikk igjen pusten, kom det ein like stor kompis i full fart. Han sprang etter den første og dei dreiv og jogga på tvers i fjellsida. Eg skulle jo på tvers av deira joggeløype og hadde ikkje lyst til å få nærmøte med dei. Så hauet gjekk rundt som på ei ugle og eg gav på alt eg hadde, kjente havregryna i halsen, blodsmak i kjeften og lungene omtrent utapå kroppen og kom meg lenger oppi bratta der eg håpa dei ikkje skulle kome. Måtte ta meg ein pust i bakken etter den spurten! Det er det råaste eg har opplevd i møte med dyr!

Så var det å fortsette turen til topps. Heilt fin urd å gå i, og nokre få snøflekkar, som var rett så kjekke på returen. Imponerande kva som veks heilt til topps der det berre er stein!


Endeleg var eg oppe på det store og flate toppartiet. Det var fleire vardar på ulike sider av platået, men eg stima bort til den første og fann ei bok godt gøymd inni varden. 




Rognnebba er ikkje eit fjell som ofte får besøk. Det hadde vore to personar der før meg i år. MEN, det var ingen penn eller blyant i matboksen, så eg fekk ikkje skrive meg inn. Trur eg må begynne å gå med blyant i ryggsekken!


No var det på tide med ein betre lunsj, og eg kunne ikkje klage på utsikta. Det var flott utsikt mot traversen eg tok for to år sidan over Trollhøtta - Pekhøtta - Blånebba og Indre Fauskånebba, noko som var ein heilt fantastisk tur. Den kan du lese om her.




Kongen, Dronninga og Vinnubreen midt i biletet.
Etter ein lang og god matpause var det på tide å sette nasen heim igjen til Hotell Mygg. Gjekk og håpa på at det skulle vere sterk vind der nede så myggen heldte avstand...Innrømmer glatt at eg hadde stor fart over bukke-partiet på retur også, hadde ikkje lyst til å treffe på dei to karane i full fart!


Ser ein seg rundt er det mykje rart ein kan få auge på. Skulle tru nokon hadde smykka ut denne steinen, ser jo så perfekt ut!




Ned til teltet igjen gjekk det fort unna og eg hadde ei litt mindre grasiøs kryssing av elva. Fann fort ut at det måtte bli eit bad denne dagen også, då myggen hadde begynt sitt inntog og eg var skumsvett. Så det var berre å legge seg i badekaret i elva som rann forbi. Til å vere vatn som kjem frå eit fjellvatn 700 moh, med snø i fjellsidene, var det overraskande lite kaldt. Var deilig å føle seg litt "rein". 

Det var god temperatur og sol og eg kunne slappe av ute i lyngen medan middagen ordna seg. Skal seie den ølboksen eg bar opp var god! MEN, myggen kom for fullt og eg måtte ha på bukse og jakke med hette på og det var heilt svart i rundt meg. Og ja, eg hadde på myggmiddel. Så i sjutida var det ikkje mogleg å sitte ute meir og eg måtte krype i teltet. Teltet er av den litje typen og har akkurat plass til meg, liggande. Ønska eg hadde tatt med eit større telt kor eg kunne ha sitte oppreist inni....Så, det vart lange timar på madrassen, men takket vere ei god bok så gjekk det bra. Det vart ein nydeleg kveld, eg drista meg ut av teltet eit par minutt for å ta nokre bilete. 


Midt på natta vakna eg av det var kraftig vind og teltet blafra som berre det. Det var slik eit bråk at det ikkje vart så mykje meir søvn den natta. Så, litt før 6 bestemte eg meg for at det ikkje var noko å ligge etter meir. Hadde jo og omtrent fått liggesår etter 10 timar på liggeunderlaget. Så, knaspra i meg to dagar gamle tørre brødrestar og drakk vatn, var jo ikkje råd til å få fyr på primusen i den vinden. Var så kaffetørst! Men det fekk vente. I det eg starta å pakke saman vart det jaggu meg vindstille og myggen heiv seg over meg igjen. Skal seie det gjekk unna med pakkinga og to minutt på 7 starta eg på heimturen. Dundra på alt eg hadde utover dalen og trudde eg skulle koke opp, måtte jo gå med bukse og jakke, med hetta på. Snakkar om aggresiv mygg. Endeleg, ute i enden av dalen kom det sterk vind, det var som å vinne i lotto. 

Ved inngangen/utgangen til Fagerlidalen med Rognnebba midt i biletet.


Så, etter ein drøy times full pes var eg tilbake ved sykkelen og kunne trille 8 km tilbake til bilen!

Vart ikkje mindre kaffetørst etter turen, så fann meg ein rett så fin rasteplass rett før eg kom til parkeringa. Det vart kaffe, sjokolade og soling. Super avslutning på ein lang tur, med ALT FOR MYKJE mygg. Mygg er ein gledesdrepar på tur om sommaren.

Til og med blomster på bordet her!
Det som skulle til for å få panoramatopp nr 165 i boks var kort oppsummert: 39 km - 23 på føtn og 16 på sykkel, 1660 høgdemeter og 70 myggstikk!

Har ingen planer om snarleg retur til området!

Kommentarer

Legg inn en kommentar