Vintertelting og toppturar til Litje Blåtind og Loftskardsetra, Rauma



For første gong har eg no vore på vintertelttur. Har i lengre tid hatt lyst til å prøve ut dette, og forrige fredag morgon sette eg kursen mot Skorgedalen. Pakka pulken og sette kurs innover mot Ljøsåvatnet.


Det var ganske uvant å gå med pulk, mykje rykk og napp, men det er heldigvis ikkje mange bratte bakkar innover, så det gikk bra. Det er ein ganske drøy måle innover dalen, ca 7,5 km. Det smaka då godt med solings og kaffepause ved Ljøsåbu. Så var det å finne teltplass litt oppi lia for Ljøsåbu og sette opp teltet.

Skorgedalen og Skarven i det fjerne



Hotellet
Etter ei stund med rigging av leiren, var det tid for ein liten topptur. Sette kursen mot fjellrekka bak meg, og gikk opp i skaret mellom Såta og Litje Blåtind. Kul rygg å følge når ein kjem opp på den. Veldig vekslande skiføre og vekslande mengder med snø. Men det var fin utsikt i alle retningar og plutseleg var eg på toppen. Nedkjøringa var ikkje mykje å skrive heim om, kartongføre, stålholke, fokksnø og pillråtten påskesnø! Men kom meg ned og var klar for afterski!





Majestetiske Trollveggen

Molde i det fjerne
Litje Blåtind




Afterski!
Det vart ein nydeleg kveld, med flotte fargar på himmelen. Ikkje verst å kunne ligge inne på hotellet og sjå dagen gå mot kveld og kose seg med ei god bok og eit glas rødvin! Natta gikk bra, var sikkert nærare 10 minus og stjerneklart, men null frysings.






Neste morgon var minst like nydeleg som kvelden før. Fantastisk å ligge i soveposen og sjå ut på himmelen, som starta som lysblå og endte i fullt solskinn. Kaffen smaka utruleg godt til slike syn!







Etter ein betre frokost var eg klar for tur igjen, og hadde sett meg ut Loftskarstind. Fin, kjapp tur frå Ljøsåvatnet, drøye 500 høgdemeter til topps. Skråa opp botnet og opp til Knollskaret, mellom Måsvasstind og Loftskarstind. Så var det berre å følge ryggen til topps. Sur og kald vind på toppen førte til kort stopp, før eg sette kursen ned igjen, same veg som eg kom. Betre føre enn frykta, mykje steinhard fokksnø, var som å kjøre på et stuegolv!!

Omtrent i Knollskaret, på veg til Loftskarstind
Ljøsådalen
Klauva og Juratind
Majestetar på rekke og rad er å sjå frå Loftskarstind

Loftskarstind og Trollveggen bak

Så var det tilbake til teltet, pakke ned og ta litt afterski før eg tok turen tilbake til bilen igjen.


Det vart ein kjempefin tur og overnatting vinterstid fristar absolutt til gjentaking!

Under, film frå turen!























Kommentarer