Skåla 1128 moh, Molde

På laurdag gjekk turen til Skåla, høgste punktet i Molde kommune. Først måtte vi gå ca 500 meter på veg før skiføret dukka opp. Så var det både snø, gras, myr og elv som måtte forserast før skiføret vart permanent. Ovanfor skoggrensa var det rett så bra skiføre, men skiftande mellom slusj, fokksnø og glasert. Halvvegs opp i lia datt plutseleg bakbindingen på den eine skia av....så var det å leike mac gyver og få festa stopparane oppe i vater, ikkje nødvendig med bremse i motbakke! Etter denne insidenten vart eg så forbanna at vi sette opp stor fart til topps. Vart reine blodgymmen. Så gjenstod berre det store spenningsmomentet, korleis blir nedturen med ein hæl laus?? Jauda, det gikk rett så bra. Var berre å sette opp høg fart og la det stå til!! Det vart ein rett så fin tur, takk for turen Benthe!










Kommentarer