Seinhaust ved Måsvatnet

Etter veldig hektiske veker på jobb vart det endeleg tid til ein tur til fjells igjen. Torsdag kveld stakk eg av avgarde og målet for kvelden var Måsvassbu. Eg køyrde til Vistdalen og tok av mot Måsvassbu, betalte bomvegavgift og køyrde til vegen stoppa. Så var det å få sekken på ryggen, montere haulykta og legge avgarde mot Måsvassbu. Etter ca 45 min kom eg fram til hytta. Sjølv om det var stupe mørkt, så var det ingen problem å finne vegen fram til hytta.



Så var det å få fart på ovnen og skifte til tørre klede. Utanom sesong er det to ulike moglegheiter for overnatting på Måsvassbu. Den eine er i vaktrommet som ligg i sjølve hovudhytta, den andre i sikringsbua som ligg 50 meter aust for hovudhytta. Eg valde vaktrommet og fann meg kjapt til rette der inne. Det tok ikkje lange tida før det vart godt og varmt i hytta, og det var herrrlig å kose seg med ei øl og potetgull. Blir veldig trøtt av den fjellufta, så det vart ein tidleg kveld.



Neste morgon vakna eg før fuglane, og var ikkje heilt sikker på turmål for dagen. Det er jo desse panoramatoppane som "gneg" og eg var jo lysten på ein eller fleire av desse. Det har kome ein del snø i fjellet i det siste, og det var vanskeleg å sjå kor langt opp ein kunne gå før det vart vanskeleg. Så eg la avgarde frå Måsvassbu og innover dalen mot Loftskardet, altså retning Isfjorden. Eg hadde lyst til å komme meg opp på Klauva, og starta oppstigninga litt før eg kom til Svartevatnet. I starten gjekk det heilt greit og krysse seg oppover, både på grasbakkar og i urd. Men ved ca. 1250 moh fann eg ut at det var på tide å snu, det var rett og slett for mykje snø i urda til at det var noko særleg å fote seg der. Hadde det ikkje vore for skistavane eg hadde med, så hadde eg snudd mykje tidlegare. Når eg bestemte meg for å snu, så sette eg snuten rett mot Isfjorden og peika meg ut Skarven som dagens mål.

Frokostutsikta
Måsvassbu
Ved Måsvatnet, Loftskardtind til venstre og Måsvasstind til venstre, Svartvasstind stikk fram heilt til høgre
Klauva, Søre Klauva, Skarven og Loftskardtind sett frå Måsvatnet

Nebba stikk seg fram over Måsgubben
Frå Loftskardet og ut dalen mot Måsvassbu, Skrokkenfjellet og Snarketind i bakgrunnen
Galtåtind og Loftskardtind


Vart meir og meir snø etterkvart som høgdemetra gjekk unna

Etter å ha traversert urda på snøføret kom eg endeleg bort til bandet mellom Søre Klauva og Skarven, og for eit syn som møtte meg. Alle Romsdalens godbitar stod på rekke og rad og helsa meg velkommen over kanten! Med slik utsikt, så gjekk siste biten opp til Skarven leikande lett!







Skarven midt i mot

Store Vengetind


Kvitt på fjella, grønt i Isfjorden

Juratind
Klauva

Oppe på toppen var det skikkeleg sur vind, så i ly av varden fekk eg på klede og slukte nokre brødskiver, så var det berre å sette nasen ned igjen. Turen ned gjekk ganske sakte til eg kom meg ned mot Svartevatnet, utrulig kjelkete å gå i urd med snø på....men vel nede på flata, tok eg meg tid til kaffe og sjokolade. Her gikk det an å sitte i fred for den sure vinden. Så var det å følge stien ut dalen og tilbake til Måsvassbu igjen.






Etter ein heil dag ute på tur, så fann eg ut at eg ikkje gidda å gå tilbake til bilen på ettermiddagen/kvelden, så eg slo til med ei ny hyttenatt. Det blir veldig lange kveldar når det er mørkt i fem-tida...og sjølv om eg prøvde å underhalde meg sjølv både med hekling og lesing, så var det hardt å halde augene oppe etterkvart!

På grunn av veldig tidleg kveld, var eg våken veldig tidleg også....så klokka halv10 i dag var eg tilbake ved bilen igjen. Ein fin tur i flott terreng, hit på eg tilbake!






Kommentarer