Innlegg

Viser innlegg fra november, 2013

Seinhaust ved Måsvatnet

Bilde
Etter veldig hektiske veker på jobb vart det endeleg tid til ein tur til fjells igjen. Torsdag kveld stakk eg av avgarde og målet for kvelden var Måsvassbu. Eg køyrde til Vistdalen og tok av mot Måsvassbu, betalte bomvegavgift og køyrde til vegen stoppa. Så var det å få sekken på ryggen, montere haulykta og legge avgarde mot Måsvassbu. Etter ca 45 min kom eg fram til hytta. Sjølv om det var stupe mørkt, så var det ingen problem å finne vegen fram til hytta. Så var det å få fart på ovnen og skifte til tørre klede. Utanom sesong er det to ulike moglegheiter for overnatting på Måsvassbu. Den eine er i vaktrommet som ligg i sjølve hovudhytta, den andre i sikringsbua som ligg 50 meter aust for hovudhytta. Eg valde vaktrommet og fann meg kjapt til rette der inne. Det tok ikkje lange tida før det vart godt og varmt i hytta, og det var herrrlig å kose seg med ei øl og potetgull. Blir veldig trøtt av den fjellufta, så det vart ein tidleg kveld. Neste morgon vakna eg før fuglane,

Oppsummering siste veker - nydeleg haust

Bilde
Trolsk stemning! Farmor vart 90 år og vi feira! Morgonstemning i Batnfjorden Luftetur opp på Kleiva i lag med mamma. Kveldsstemning i Moldemarka Verdens beste dessert - tilslørte moltepiker! 5-retters i godt selskap! Ein framifrån femrettar! 1. Hommarsuppe  2. Spekemat av hjort og rein med tyttebærrømme, flatbrød og ruccola. 3. Rype og orrfugl med rotgrønnsaker og soppstuing. 4. Indrefilet av hjort med heimelaga potetstappe, rosenkål bonne femme og heimelaga rødvinssaus. 5. Tilslørte moltepiker.  Ettermiddagstur til Tusten. Vart litt sommar igjen, så fikk fin sykkeltur til Skarvatnet. Trudde det skulle vere omvendt eg, vatn under båten...