MÅLLAUS! Eggtraversering på Virumkjerringa 1374 moh, Ålvundeidet

Usikker på korleis denne turen skal beskrivast, men nokre ord oppsummerer dagen: flaks, eggtravers, tur med klatrelegender, solnedgang, stegjarn og isøks, svolt, panoramatopp, dårlig skiføre, men alt i alt ein M A G I S K dag på fjellet!

Eg starta på tur frå skiheisen på Ålvundeidet og hadde tenkt meg på Virumkjerringa 1374 moh, ein topp i Moldepanoramaet så klart...Eg tassa roleg oppover og kom meg i siget etterkvart, men bak meg fekk eg sjå ein grøn teletubbi...det vil seie godt vaksen person i heildress av farge veldig grønn! Eg kjenner ingen andre enn Emil med slikt utstyr og venta dei inn. Han var i godt følge med ein del godt fjellvande som skulle gå traversen over Virumkjerringa, frå aust mot vest, ein travers ikkje mange har gått på vinteren vistnok. Eg var ikkje sein med å slå til når eg fekk tilbod om å vere med på dette.

Anført av Øivind Vadla, Ellinor M. Vadla, Berit Skjevling og Aslak Aastorp, låg eg og Emil på slep. Først opp på reset mellom Virumkjerringa og Grånebba, så ned i botnen under Virumkjerringa, mot Todalen. Deretter ryggen opp til vi kom fram til eggen over til toppen. Ryggen opp hadde så der skiføre, så det vart litt av og på med ski. I det vi bikka over kanten og fekk utsikt i alle retningar, frå Trøndeleg via romsdalen og til Harstadfjellet i Batnfjorden, gikk gliset omtrent rundt på meg!!

Turen over eggen tok eit par timar, og det var nokre parti som var litt vanskelegare enn andre, men dette gjekk bra med kyndig rettleiing. Det var litt tungt føre, sukkersnø..., og det var litt snubling med stegjarna. Har iallefall litt arbeid med symaskina framføre meg....

Det var kjempeartig å komme over eggen og opp på toppen av Virumkjerringa. Det som kunne ha blitt ein veldig kjedeleg tur på eigenhand vart så langt årets oppleving. I tillegg fekk eg jo teke ein ny panoramatopp, nummer 72.

Turen ned gjekk ikkje akkurat i pudderføre, mykje stein, mykje is og bratte parti med skia på sekken, men på slutten fekk vi nokre gode svingar inn i solnedgangen. Aldeles nydlege å vere ute heile dagen og få med seg at sola går ned over Smisetnebba.

Eg hadde ikkje planlagt ein såpass lang tur, så matpakka var litt underdimensjonert...men ein liten bit kvikk lunsj kan gjere underverker på toppen! Den metta litt, men eg er så langt i frå mett på opplevingar av denne typen - dette vil eg gjere igjen, ganske snart !!

Ein god indikasjon på om du har hatt ein bra tur er om du er kald på tennene...mitt glis gikk rundt heile dagen, tenna var iskalde og hjertet kokvarmt- tenk å vere så heldig at vi bor i verdens største godteskål, eller skal eg seie påskeegg,  og kan få slike opplevingar rett utanfor vår eiga stuedør!

Tusen takk for turen til alle som var med, dette var ei oppleving av dei store!!

PS! film kjem etterkvart!

Nydeleg langs Fannefjorden på morgonen


Mot Skrommelnebba og Fløtatind






One Happy Skier!!






Legg til bildetekst







































Meget godt fornøyd panoramatopp-jeger!  





Kommentarer

Legg inn en kommentar