Snøtind 1027 moh


På laurdag var det knallver og det var berre å komme seg ut på tur. Eg tok turen til Snøtind på grensa mellom Gjemnes og Eide. Eg starta turen frå Åndal øverst i Batnfjorden. Etter ein drøy km langs vegen tek ein av vegen opp til høgre, merka til Stortussen/Snøtind. Følgjer så skogsveg nesten opp til skogrensa, før ein traverserer siste biten gjennom skogen og kryssar Kvernsteinelva på ein passande stad. Derifrå over flate inn mot Tusskaret, mellom Litjtussen og Snøtind. Så er det berre å krysse seg oppover til ein møter eggen opp mot toppen. Her må ein ofte ta av seg skia eit lite stykke før ein igjen kan gå mot toppen. Eg snudde her på ca. 950 moh, då det både var mykje stein siste biten og ekkel snø som sklei ut. Nytte matpakka før eg sette snuten ned igjen - i pudder!!















Kommentarer