Rypejakt

Trur nok det kanskje er 6-7 år sidan sist eg var på Rypejakt, men etter at eg oppdaga at eg hadde fullt av haglepatroner tenkte eg at det var på tide å gå på jakt igjen. Så tok turen til Eide og køyrde opp op Ugelstadsetra. Derifrå gjekk turen oppover mot Gongrøra (835 moh) og Kaka, rett under Snøtind. Der var det på tide med kaffekoking og trøstespising over ingen ryper så langt. 
Derifrå gjekk turen vidare over Hjulnebba (797 moh), Skardrøra (672 moh) og til slutt Skredfjellet (817 moh). På turen var det desverre ikkje særleg mange ryper å sjå...såg snurten av ei bak ein stein, som var umogleg å skyte på. Thats it på heile dagen...Så duknakka heldte turen fram ned til Herskedalen, kor både myr etter myr vart forsert og tildels særs ulendt li-nedstiging-kor-ingen-skulle-tru-at-nokon-kunne-gå-skliing...og vips, nede i Herskedalen etter ein veldig lang dag på fjellet! Nydeleg turdag, men desverre ingen ryper.

Magisk morgon ved Naasvatnet


Melen speglar seg i Naasvatnet



Magisk morgon ved Eide
Nydeleg morgon!
Tussan og tussantraversen som står på blokka! 
Sandnestindan


Toppen av Skredfjellet, Tussan i bakgrunnen
Frå Skrefjellet mot Eide

Fornøgd med å ha tatt siste fjellet på rekka mellom Julsundet og Gjemnes! 
Frå Skredfjellet ut Batnfjorden, Harstadfjellet til venstre

Mot Averøya og Atlanterhavsvegen

ALDELES NYDELEG på fjellet no til dags!!


Kommentarer