Budsjettferie dag 28: siste feriedag, sykkeltur, bading, eit herremåltid og fotball!

Da er siste feriedag snart ferdig. Det har vore fire veker med ymse innhald i denne budsjettferien, har trøyd meg med ulike utflukter og sportslege sprell, men kunne tenkt meg litt meir sommar...

På siste budsjettferiedag har eg vore på sykkeltur med Tonje. Det var første sykkeltur etter sykkel-trynet og turen vart gjennomført i veldig kontrollerte former. Kneet var litt "ekkelt", foten fikk jo full bøy for første gong på ei drøy veke, men heldigvis ikkje vondt!
Turen gjekk frå Røvik Kirke til Solemdalen og tilbake langs fjorden til Grønnes og tilbake til Røvik kirke. Kart finn du HER.



Etter sykkelturen tok vi ein tur på stranda på Bolsøya og manna oss opp til å ta årets første innenlandske bad ( og kanskje det siste!?!?). Det var ikkje akkurat varmt, men forfriskande!





Dagen blir avslutta med eit herremåltid, heimelaga burgermeny ala sæter og stokke, og fotballkamp på TV. Heia MFK!

Kommentarer