Budsjettferie dag 27: Kajakk på Moldefjorden


Idag tok eg ein tur med kajakken på Moldefjorden. Var kjempefint, blikkstille hav når eg starta, men før eg kom meg heim så rakk eg å få prøve meg både på bølger frå alle kantar, mykje vind og pissregn! Det mest interessante å sjå på turen var den utruleg store fjøra som er no om dagen, kan jo gå tørrskodd på plassar ein vanlegvis padlar over.

Har og fått fjerna stinga i kneet idag, så no har eg store håp om å få meg ein sykkeltur snart, kriblar i føtn etter ei veke på sofaen ;-) No bli det heimelaga pizza og lørdagskos i stuggu!

Kart over dagens tur finn du HER.

Kommentarer