Budsjettferie dag 18: I kajakk til, og rundt, Veøya

Eg har ikkje vore på Veøya sidan ein ekskursjon på vidaregåane for ørten år sidan, så eg tenkte det var på tide å ta ein tur igjen. Sjøsette kajakken på Nesjestranda, og sette kursen utover. Vinden hadde plutseleg bestemt seg for å sette igang, så det vart tildels store bølger før eg kom meg over til Veøya. Tok ein liten stopp der og såg meg rundt, før eg fortsette rundt øya. Fint å komme seg på land med kajakk i Nordvågen. På sørsida var det slutt på bølgene, berre dønningar, til eg runda øya og padla gjennom sundet mellom Veøya og Hangholmen. Der var dei store bølgene- men det er ei utfordring som ein berre må bryne seg på! Så satte eg kursen tilbake til utgangspunktet.

Veøya har ei spennande historie, som du kan lese meir om HER.
Kart over turen finn du HER.

Neste prosjekt må vere å fortsette vidare til Sekken og kanskje rundt Sekken, men da må det vere mindre vind enn idag!





Kommentarer