Indergardsnebba, 763 moh, Batnfjorden

Idag har eg vore på ein fin skitur saman med Synnøve til Indergardsnebba i Batnfjorden. Fjellet er ikkje av dei høgaste men har ei fantastisk utsikt- du ser alle fjella i Romsdalen på den eine sida, og på den andre sida ser du til Grip, Smøla og Tustna.

Det var ein del vind når vi kom opp mot skoggrensa, og etterkvart vart snøen ganske vindpakka. På toppen bleste det friskt, og det var berre å skrable ned namnet sitt i boka og sette snuten ned!

Turen ned vart kjempefin, mykje fin pudderkjøring i skogen ned mot Silsethytta igjen- herrlig!

Eit godt val av turmål når vind og snøforholda er som dei er!








Kommentarer