Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2011

Langrenn på Skaret

Bilde
Har idag vore på ein nydeleg langrennstur på Skaret saman med Tonje. Trikkeskinner og sol på fjelltoppane gjorde det til ein heilt fantastisk tur!

Indergardsnebba, 763 moh, Batnfjorden

Bilde
Idag har eg vore på ein fin skitur saman med Synnøve til Indergardsnebba i Batnfjorden. Fjellet er ikkje av dei høgaste men har ei fantastisk utsikt- du ser alle fjella i Romsdalen på den eine sida, og på den andre sida ser du til Grip, Smøla og Tustna. Det var ein del vind når vi kom opp mot skoggrensa, og etterkvart vart snøen ganske vindpakka. På toppen bleste det friskt, og det var berre å skrable ned namnet sitt i boka og sette snuten ned! Turen ned vart kjempefin, mykje fin pudderkjøring i skogen ned mot Silsethytta igjen- herrlig! Eit godt val av turmål når vind og snøforholda er som dei er!

Soloppgang og solnedgang på Harstadfjellet

Bilde
På batnfjord.no ligg ein flott video som viser soloppgang og solnedgang på Harstadfjellet. Sjekk den ut HER !

Snøskredvarsel for Indre Romsdal og Urdfjellet, Molde

Bilde
Idag har det vore premiere på Noregs første snøskredvarsel, basert på faktiske observasjonar, ikkje prognoser. Snøskredvarselet er laga for skiløparar. Solveig Kosberg står bak prosjektet, som er i sin første driftssesong frå idag. Kjempeartig at vi har fått noko slikt her i Møre og Romsdal, næraste plass med eit system for snøskredvarsling for skiløparar er i Alpane....Way to go Solveig! SÅ, sjekk ut www.snøskredvarsel.no og bruk det!!

Store Snømengder

Bilde
Det lavar ned her i Molde, dette er "utsikta" frå kjøkkenvinduet.Skikkelig pudderføre :-D

Filmsnutt frå Tusten 2 januar

Ski i Tusten

Bilde
Idag har eg og Tonje kjørt på ski i Tusten- fantastisk fint føre og sure lår, kjempestart på det nye året!!

GODT NYTT ÅR!

Bilde