Sykling inne på vinteren


Dersom du har lyst til å sykle på vinteren, men av ulike årsaker ikkje har lyst til å gå på helsestudio eller legge om til piggdekk og utfordre glatta, så er det håp.

Med ei rulle kan du i ei handvending få din eigen spinningtime. Det er ingen problem å trene intervall, styrketråkk eller langkjøring på rulla, men personleg må eg seie at langkjøring er kjedeleg på rulla, så eg svergar til harde intervalløkter der.

Eg har sjølv ei rulle frå Taxc, har glemt modellen, og med den har eg sykla mange mil over mange år(og sett mange filmar/tv-seriar). Det er nemleg ikkje til å stikke under ein stol at det kan vere litt kjedeleg dersom ein ikkje har god underhalding. Så sørg for god musikk eller ein film/tv-serie, så går syklinga som ein draum!

For meir informasjon om tacx sine ruller, er det berre å klikke her

Kommentarer